Leir
Norsk Luthersk Misjonssamband arrangerer kvart år mange leirar for ulike aldersgrupper i Sætervika.
Sætervika ligg idyllisk til ved sjøen, og vi har mange aktivitetar for alle. I tillegg til bading og kanopadling, kan vi spele innebandy på det nye aktivitetsloftet, spele spel, delta i sporløp eller berre slappe av og kose oss. Leirane startar ca kl 1900 den første dagen, og vert avslutta ca kl 1300 den siste dagen.
Til alle leirane i Sætervika går det buss frå Bystasjonen via Åsane og Arna. Det er reiseleiar med bussen.
Alle leirane har bibelsamling på føremiddagen og misjonsmøte om kvelden. NLM har misjonærar i 11 land, og ein av kveldane samlar vi inn kollekt til Barnas Misjonsprosjekt, som skuleåret 11-12 er i Indonesia. Les meir om Barnas Misjonsprosjekt på Superblink
Dette må du ha med deg på leir:
Laken og putetrekk, dynetrekk eller sovepose, handklede, toalettsaker, innesko, badetøy, klede til å vere ute uansett ver og elles det du treng. Dersom du har ein Bibel eller Nye Testamentet, er det fint om du tek det med deg.
Velkommen på leir!
Gå til leiroversikt og påmelding her
Skrevet 3. mai. 2011
Dette innlegget er ikke åpent for kommentarer.



